Naturen inspirer meg og påverkar vala mine inn i nye design. Himmelen ein klar og kald vintermorgon med alle sine fargar, rett før soloppgong, blei fargeinspirasjonen til denne jakka. Oppskrifta er skriven uavhenging av denne fargekombinasjonen, så du kan velje akkurat dei fargane som inspirerer deg! Oppgitt garnmengd er vekta av ferdig strikka plagg i storleikane XS-3XL. Modellen er kort og vid, men dersom du vil strikke jakka lengre, kan dette gjerast over diagrammet. Hugs då å kjøp 1-2 nøste ekstra.
Positiv rørslevidd: ca 15 cm
Jakka strikkast nedanifrå, rundt i starten før ho delast foran. Erma strikkast frå ermeholet og ned i ynskja lengd. Fronten må syast og klippast før knappestolpe strikkast i dobbelstrikk.
Ved kjøp av produktet godtar du kjøpsvilkårene til Trollveggen Design V/solberg Knutsen.