No kan både store og små Troll glede seg over ei korterma skjorte strikka med kjærleik og mykje glattstrikk. T for Troll er Trollveggen Design si fyrste t-skjorte. Plagget strikkast nedanifrå og opp, delast ved ermehol og maskast saman på skuldrene.
Erma strikkast nedanifrå og opp med fjellmønster til overarmen. Modellen for vaksne er vid og kort, men dersom du vil strikke t-skjorta lengre, kan dette gjerast før deling til ermehol. Hugs då å kjøp 1-3 nøste ekstra.
Modellen til born er vid men normal lengd.
Positiv rørslevidd vaksen: ca. 15 cm
Positiv rørslevidd born: ca. 10 cm
Ved kjøp av produktet godtar du kjøpsvilkårene til Trollveggen Design V/solberg Knutsen.